Måndag ettermiddag kom ein lang trailer til Ulsteinvik. Han hadde køyrt frå Sverige, der billedhoggaren Bård Breivik har fått laga "Portalane til Ulsteinvik".

7,5 og 11 tonn

Med løfteutstyr frå Ulstein Betong og Volda Maskin vart to av granittskulpturane heisa frå lasteplanet og til ein mellomstasjon ved rundkøyringa. Dei to kolossane veg 7,5 og 11 tonn. Men er berre for "barnemat" i forhold til den største, som skal ut på ferda frå Sverige til Ulsteinvik om nokre dagar. Den veg vel 15 tonn.

Under heisearbeidet måndag ettermiddag, vart trafikken dirigert gjennom rundkøyringa, slik at det ikkje oppstod kø.

På plass i slutten av mai

- Planen er at skulpturane skal på plass i rundkøyringa i slutten av mai, og det løftearbeidet skal gjerast om natta, slik at trafikken skal bli minst mogleg hindra, opplyser Audun Hopland. Managaren ved Studio Hugo Opdal var til stades under heile løfteprosessen måndag.

Han fortel at dei har hatt ein grundig dialog med Statens vegvesen før løyvet om å få sette opp "Portalane til Ulsteinvik" var på plass.

- Statens vegvesen skal sjølvsagt passe på at alt er forsvarleg. Både i høve til trafikken og dimensjoneringa. Løysinga som no kjem, skal dermed vere forsvarleg, kommenterer Hopland.

Manager Audun Hopland ved Studio Hugo Opdal følgde nøye med då grantittskulpturane til Bård Breivik vart løfta til mellomlagring i Ulsteinvik måndag.