20. mai opnar sesongen for Ulsteinvik Vandrarheim og Sommarhotell.

-  Etter at elevane drog frå  Sunnmøre Folkehøgskule for vel ei veke sidan, har det vore hektisk aktivitet for å få skulen i stand til sommardrift.  Vi har fått med ein god gjeng med medarbeidarar som er klare for å ta imot nye og gamle gjester, fortel ansvarleg for sommardrifta, Lars Erling Hovlid.

Rom med eigen vinterhage

Sunnmøre Folkehøgskule har vore gjennom eit år med ombygging av fasade og utbygging av kapell, musikkavdeling og konferanserom. No er det meste av ombygginga ferdig. Dei fleste overnattingsroma har fått eigen vinterhage, som gjer at ein kan nyte utsikta i alt slags ver.

- Trass i at vi satsar på mykje godt ver på Sunnmøre i sommar, kan nok denne garderinga vere gunstig for gjestane. Nytt konferanserom og ny musikkavdeling er nett ferdig, medan kapellet først vert klart om nokre veker. Vi ser fram til å kunne tilby gjestane våre endå betre fasilitetar for kurs og konferanse, seier Hovlid.

Mykje turistar

Dei to siste sesongane har vore svært gode for Ulsteinvik Vandrarheim og Sommarhotell.

- Særleg er det kjekt å sjå at det kjem mange turistar til regionen vår. Mange gjev tilbakemelding på at Sunnmøre og Ulsteinvik er ein god stad å feriere, og at dei synest både Flø, fjella i området og Runde er fine stader å besøke. For året er bookingane frå ferie- og fritidsgjestar om lag som i fjor på same tid.  Samstundes er det for årets sesong knytt spaning til korleis gjestesituasjonen for gjestar frå næringslivet vere.

I år leiger vi ut 80 rom i ulike storleikar og standard. Nytt av året er nye store 4-mannsrom. Heile sommaren tilbyr vi gjestane tidleg frukost, slik at dei som er her for å jobbe kan rekke arbeidsdagen, fortel Hovlid.