Ad­mi­nist­ra­sjon­en har byr­ja ar­bei­det med å kut­te næ­ra­re 10 mil­li­on­ar kroner for an­dre halv­år av 2015. Kom­mu­ne­sty­ret vil hand­sa­me denne saka på juni­mø­tet.

– Kvifor må de kut­te ti mil­li­on­ar?

– Det er fleire grunn­ar til det. Den eine år­sa­ka er un­der­bud­sjet­tert til­skot til dei pri­va­te bar­ne­ha­g­ane. Den an­dre år­sa­ka er at bar­ne­ver­net treng meir pen­gar. Det tredje er ei for­ven­ting om auka pen­sjons­kost­na­der. KLP har fått lita av­kast­ning på fond og ak­sj­ar, så då må kom­mu­n­ane inn med meir pen­gar. Det fjerde er be­hov for styr­king av øko­no­misk so­si­al­hjelp, dessutan ven­tar kom­mu­n­en ein ned­gang i skat­te­inn­tek­te­ne, sva­rer råd­mann Einar Vik Arset.

Gjer som næ­rings­li­vet

– Har de byr­ja på ar­bei­det med kutt­lis­te? Vil du røpe kvar de skal spa­re?

– Me held på med ei slik liste, men er ikkje fer­dig. Me vil prø­ve å gje­re det så skån­samt som mog­leg. Kom­mu­n­en må til med om­stil­lin­gar, slik som næ­rings­li­vet må i des­se ti­der, kom­men­te­rer Arset.

Vil til­set­je plan­leg­gjar

Ulstein for­mann­skap har møte i dag, tys­dag. Dei vil der ved­ta om dei skal til­set­je ein plan­leg­gar i eit to­år­ig en­ga­sje­ment, som råd­man­nen rår dei til.

I saks­pa­pi­ra står det kort om inn­spa­rin­ga på 10 mil­li­on­ar, og at det­te vil få nokså sto­re kon­se­kvens­ar for drifts­bud­sjet­ta for kom­mu­n­en. Tek­nisk etat er budd på å ta sin del av inn­spa­rin­ga­ne til trass for til­rå­din­ga om å til­set­je ein plan­leg­gar.

Få til å plan­leg­ge

Fram til 2011 had­de kom­mu­n­en 2,8 stil­lin­gar som ho­vud­sak­leg ar­beid­de med plan­spørs­mål. Men etter kvart som folk har slut­ta, har stil­lin­ga­ne stått va­kan­te. Frå 2012 og til no har det ber­re vore ei stil­ling ved etat­en som har hatt plan­leg­ging som hovudarbeidsområde. På grunn av at kom­mu­n­en had­de «fers­ke» kom­mu­ne­plan­ar på det tids­punk­tet har dei greidd seg greitt, men no treng plan­ane rul­le­ring.

– Land­bruks­kon­to­ret eiga sak

Ulstein kom­mu­ne vur­de­rer å trek­kje seg ut av Land­bruks­kon­to­ret for å få pen­gar til plan­leg­gar, men råd­man­nen vil ikkje gå med på at om for­mann­ska­pet no ved­tek å til­set­te plan­leg­gar, må dei i nes­te om­gang trek­kje seg ut av land­bruks­kon­to­ret. Ulstein vil no ha møte med dei sam­ar­bei­dan­de kom­mu­n­ane om land­bruks­kon­to­ret.