Dåpen blir ved Almenningskaia i Fosnavåg fredag, og rett etterpå blir det ope skip.

"Rem Arctic" er eit plattform forsyningsskip (PSV) spesialbygd for operasjon i arktiske strøk.

Fartøyet er av typen VS 485 MK III ARCTIC.

Kleven har levert fleire fartøy av liknande design, men dette nye Rem-fartøyet vil få klassenotasjonen Winterized Basic. Det betyr mellom anna at fartøyet får funksjonar for hindring av isdanning og avising, og at skrog og propellar får klasse ICE-1B.

Wärtsilä Ship Design

VS 485 MKIII Arctic er designa av Wärtsilä Ship Design, og inneheld mykje lokale leveransar og utstyr, mellom anna frå Hareid Group og Brunvoll.

Skipet er fartøy nummer 18 til Rem frå Kleven sidan 2006, og representerer ei eineståande historie.

Det er førebels siste Rem-fartøyet i ordreboka til Kleven.

Reiar Åge Remøy har ved eit tidlegare høve uttalt at han no vil ta ein pause i kontraheringane.