– Vi har Stamina som bedriftshelseteneste, men dei hadde ikkje fysioterapi tilgjengeleg for oss i år, og i den samanhengen blei det etablert eit samarbeid med Nordvest Naprapatklinikk, seier administrasjonsmedarbeidar og verneombod Evy Ann Sundgot.

– Vi er allereie samarbeidspartnar med Stamina Helse, men tek med denne avtalen samarbeidet eit steg vidare, seier Ole Theodor Hovden, medeigar og dagleg leiar i Nordvest Naprapatklinikk.

Mest omfattande avtale

Avtalen med BDO er den mest omfattande avtalen for naprapatklinikken nokosinne. Også BDO sine lokale i Ålesund vil få Nordvest Naprapatklinikk på besøk.

– Det er fyrste gongen vi blir selt inn av bedriftshelsetenesta, og det set vi stor pris på. Vi har hatt og har avtalar med andre bedrifter, men dei har vi fått i stand sjølve, seier Hovden.

Godt nøgd med tilbodet

Partnar og statsautorisert revisor hjå BDO Ulsteinvik, Einar Giljarhus Løkken, er godt fornøgd med tilbodet dei får ved å nytte Nordvest Naprapatklinikk.

– Har ein av våre tilsette for eksempel ei låsing i nakken, kan Ole Theodor komme hit og rette opp i det. Det er meir i dette enn å få inn ein fysioterapeut, seier han.

Naprapatien vart grunnlagd av den amerikanske kiropraktikaren Oakley Smith (1880–1967). Behandlingsmetodane starta som ein reaksjon mot manipulasjonsprinsippa og metodikken i dåtidas kiropraktikk og osteopati.

– I naprapati ligg det å diagnostisere, behandle og rehabilitere smertetilstandar og funksjonelle problem i ledd og musklar, seier Ole Theodor Hovden.

– Klar effekt

– Effekten av behandlinga er klar å sjå, meiner partnar og statsautorisert revisor hjå BDO Ulsteinvik, Einar Giljarhus Løkken, og siktar med det til sjukefråveret, som er svært lågt hos dei. Løkken meiner arbeidet Hovden og Nordvest Naprapatklinikk gjer er viktig.

– Vi har hatt eit tøft fyrste halvår med rekneskapsavslutningar og revisjonar, og dermed mykje overtid. Det kan vere ein stressande kvardag med mykje å gjere og strenge tidsfristar. Difor er det så viktig å gjere førebyggande arbeid, slik at våre tilsette slepp langvarig sjukefråvær, seier Løkken og legg til:

– Det går sjølvsagt også på generell trivsel og at helsa er god. Det er ein tøff jobb med mange timar ved kontorpulten. Det er lett å gløyme å sitje riktig når ein har lange arbeidsdagar.

Lågterskeltilbod

Mest av alt er Løkken og BDO nøgde med at dei kan få behandlinga i sine eigne lokale, og at naprapaten er til stades kvar onsdag.

– Eg er veldig nøgd med at dei kjem til oss. Det blir dermed eit lågterskeltilbod, og ein kan få behandling ein gong i veka. Hadde dei ikkje kome til oss hadde ikkje våre tilsette gjennomført behandlinga før dei faktisk fekk problem, seier Einar Giljarhus Løkken.

Ole Theodor Hovden legg til at naprapatane ikkje berre behandlar og førebygger.

– Vi prøvar også å lære dei tilsette at dette med øvingar og trening er viktig.