Foreldreutvala ved dei fire offentlege skulane i Hareid kommune har i brevs form bede det politiske og administrative apparatet setje på trykket for å opprette ei ungdomsarbeidar-stilling.

Brevet er stila til både ordføraren, rådmannen og kulturleiaren og uttrykker bekymring for kva som kan skje når mange unge samlast utan vaksne tilstades.

Det er Hareid ungdomsskule FAU ved Nina Løvik som har sendt skrivet – med støtte frå Jan Einar Hovden, Johnny Stokkevåg og Trine Pilskog, som representerer FAU ved barneskulane på Hareid, Bigset og i Hjørungavåg.

Ungdomskafeen utgangspunkt

Det er ungdomskafeen i Hareid rådhus som er utgangspunkt for innspelet:

- Slik vi har forstått det, er der ingen vaksen ungdomskontakt eller ungdomsarbeidar ved klubben. – Det gjer at mange foreldre i bygda ikkje ynskjer at borna deira skal henge på klubben. Vi kjenner oss utrygge på kva som kan hende når mange ungdomar samlast utan vaksne, heiter det i skrivet, som held fram:

- Vi veit at natteramnane går innom klubben, men er dette nok? Natteramnane er foreldre som går kvar sin kveld i året, det vil seie at det er nye vaksne kvar helg. Det ungdomane våre treng, er vaksne som dei har nære relasjonar til, som dei vågar å prate med og som kan skape eit trygt og godt miljø på kafeen.

- Tilset ein ungdomsarbeidar, oppmodar FAU-representantane.

Denne personen kan ha ungdomskafeen under arbeidsområdet sitt, men også generelt arbeide inn mot ungdomane i bygda, meiner dei.