Elevar frå 8.-klasse ved Ulstein ungdomsskule var onsdag på vitjing til Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik i samband med faget "Teknologi i praksis". på Rolls-Royce demonstrerte elevane sine automatiserte vaffeljarn, i tillegg til to apparat som har på smør, sukker, rømme og sylte på vaflane.

Det var mange som fann vegen til kantineområdet på Rolls-Royce for å sjå elevane sine nyvinningar, mellom anna Ulstein-rådmann Einar Vik Arset, Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest, og ei rekkje tilsette i Rolls-Royce.

I tillegg til elevane sine vaflar, var også tre studentar frå Høgskulen i Ålesund på plass for å presentere si løysing for montering av stempel med robotar. Ein automatiseringsprosess som kan sterkt redusere tidsbruken på denne typen montering.

Sjå video av elevane som forklarer sine nyvinngar og viser korleis dei fungerer i toppen av saka.

Les meir om dette i papiravisa.