- Dette var veldig uventa, seier leiaren i Hjørungavåg vassverk, Martin Einar Pilskog. I dag, onsdag, vart Hjørungavåg vassverk kåra til vinnar i klassen for grunnvasskjelder, medan Indre Tingvoll vassverk vann klassen for overflatekjelder.

Dei to vassverka kan dermed titulere som som Møre og Romsdals beste drikkevatn.

Utnemninga skjedde i samband med ein VA-konferanser på Scandic Parken Hotell i Ålesund tysdag.

Konkurransen er arrangert av Norsk Vann, KS Bedrift og Norsk Komunalteknisk forening.

- Det var knivskarp konkurranse og mange gode og verdige kandidatar, fortel juryformann Johan P. Nielsen etter at konkurransen var ferdig.

- Veldig blankt vatn

Martin Einar Pilskog har vore formann i Hjørungavåg vasssverk sidan 1989. Vassverket vart etablert i 1959 og forsyner innbyggjarane i Hjørungavåg frå bedehuset til Overå med vatn. Vassverket er også reservevasskjelde for Pelagica avdeling Liavågen.

Pilskog har aldri opplevd at kjelda har tørka inn.

- Det var veldig kjekt at vi vann. Vatnet kjem frå ei oppkome i Nedrelid, pluss tre borehol på 80 meters djupne, og det er veldig blankt og fint. På ein fargeskala frå 0-20, der 20 er det mørkaste, ligg vårt vatn på 2. Og lågare er det vanskeleg å kome, fortel leiaren i Hjørungavåg vassverk.

Dei to første borehola vart laga i 1984, det siste i 1997.

Vidare til landsfinalen

Dei to vinnarane i Møre og Romsdal går no vidare til landsfinalen, som blir 19. april neste år, under Miljø & Teknikk Kommunalteknikk 2016 på Telenor Arena, Fornebu.