Ulsteinordførar Jan Berset har sendt ut brev til kvar og ein av kommunane på Søre Sunnmøre der han ber om ein «naboprat».

På formannskapsmøtet denne veka kunne han informere om at han har fått svar frå to kommunar. Volda kommune finn det mest naturleg at Volda og Ulstein møter kvarandre på prosjektgruppenivå.

– Så hadde eg ein hyggeleg samtale med ordføraren i Herøy, han ringde meg. Det blir truleg eit felles formannskapsmøte 9. juni, fortalde Berset nøgd.