Jon Oli Arnason i Ulsteinvik har sendt brev til Statens vegvesen der han ber dei setje ned farta forbi Hasundkrysset. Der var nyleg i ny ulukke i krysset. Arnason er krass i brevet og spør kor mange liv dei vil ha på samvitet før dei gjer noko. Han meiner å setje ned fartsgrensa til 60 km/t vil vere eit billeg og effektivt tiltak. Det vil berre ta bilistane 17 sekund ekstra om dei set ned farta forbi krysset.

Kåre Mittet i vegvesenet svarer at dette handlar ikkje om kva det kostar for ei ulukke kontra kostnaden med å flytte eit skilt. Han meiner det er få som vil akseptere ei 60-sone frå Strandkrysset og forbi Hasundkrysset. Om dei er for rause med 60-soner, vil bilistane miste respekten for denne fartsgrensa.

Arnason bør heller få Ulstein kommune til å arbeide for planskilt kryss eller auka grad av kanalisering, tipsar Mittet.