- Vi har opplevd eit stort engasjement rundt Strandryddedagen i år, seier Linn Urke Osnes, kommunikasjonsansvarleg i SSR.

Ho fortel at mange lag og organisasjonar, skuleklasser og privatpersonar har vore med og rydda strender i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid.

- Det er store mengder søppel som er samla inn, og vi ser spesielt mykje plast. Avfallet som er samla inn kjem frå forureining frå privatpersonar, industri, havtransport og fiskeri. Det er urovekkjande at havet og strandlinja stadig blir meir og meir forureina. Ikkje berre ser det fælt ut, men dette avfallet har kritiske konsekvensar for fugl, fisk og dyr, seier Urke Osnes.

Janne Bareksten og det lokale Naturvernforbundet arrangerte temakveld om marin forsøpling på Runde Miljøsenter i tilknyting til Strandryddedagen. Bareksten har skrive masteroppgåve om temaet, og delte kunnskapen sin med både føredrag, video og utstilling. Ho var spesielt uroa over all plasten i havet og kva konsekvensar denne har for fugl, fisk og dyr. Plast som hamnar i naturen forsvinn ikkje, då den berre blir broten ned i stadig mindre bitar og til slutt blir mikroplast som blir i kretsløpet som mat for plankton og småfisk.

Linn Urke Osnes i SSR fortel at ho opplever folk som engasjerte i viktige miljøspørsmål som marin forsøpling, men registrer at folk kjenner på maktesløyse i slike store utfordringar.

- Å vere med å rydde ei strand kan gjere stor forskjell, og til fleire som er med, til betre er det! Målet er at stadig fleire skal sjå nytte og glede i å delta på Strandryddedagen i åra framover, framheld Urke Osnes. Ho påpeikar likevel at vi i tillegg til å bli betre på å rydde i aksjonar som dette, også må bli meir bevisste i forhold til det avfallet vi produserer.

- Avfallsmengda aukar kvart år, noko som heng saman med større forbruk, men også med at varer i stadig større grad har mykje emballasje. Som forbrukarar kan vi gjere grep der vi vel varer med mindre emballasje, tenkje kvalitet framfor kvantitet, reparere ting som blir øydelagde, gi vekk eller bytte det vi sjølve ikkje lenger har bruk for og ikkje minst at vi blir betre på kjeldesortering. I SSR-regionen, er vi middels gode på kjeldesortering og vi har eit stort forbetringspotensiale, seier Linn Urke Osnes som også oppmodar innbyggjarane å nytte miljøstasjonane i Saunesmarka, på Eggesbønes og Larsnes der ein får levere mykje av avfallet inkludert i gebyret.

- Lokalbefolkninga i regionen vår har verkeleg gjort ein god innsats i ryddeaksjonen, og mange strender er no rydda for søppel. Det har vore spesielt stort engasjement i Ulstein - med Herøy på ein god andreplass - og SSR har fått fylt fleire containarar med søppel. Strandryddedagen er ein viktig og naudsynt aksjon, seier Linn Urke Osnes. Ho fortel at SSR også i framtida ynskjer å vere med på organisering av aksjonen i form av gratis avfallssekkar og vederlagsfri levering av avfallet, samt å aktivt motivere lokalbefolkinga til å ta del.

- SSR rettar ei stor takk for innsatsen til alle som har vore med på miljødugnaden. Det nyttar! avsluttar Linn Urke Osnes