Overdraginga av skulebygningane dreg ut i tid.

I samband med møtet i formannskapet i Ulstein denne veka, trekte Knut Erik Engh (FrP) fram årsmeldinga for Ulstein Eigedomsselskap. Der gårdet fram at dei framleis ikkje har fått overdratt Eiksund skule og Flø skule til dei respektive bygdene. Det er fleire år sidan kommunen vedtok at grendene skulle få tilbod om å overta bygga.

Engh kunne fortelje at det no ser det ut til å ordnar seg i Dimna med skulebygninga der, men han ønskjer å få lagt fram ei sak for kommunestyret om kva som er status for overdraging av skulane.