- Eg er så stolt av bestemora mi, sa trombonisten Olea Jonsdottir Flø. Dermed sette ho ein fin stemning for bokbadet.

Magne Grimstad i Osberget AS var bademeister torsdag kveld då boka «Tre» med dei lokale poetane Gerd Vik Flø, Morten Feiringog Unni Takseth vart lansert på Kaffebaren.

Godt med folk hadde møtt fram for å vere med på lanseringa, og kvelden både starta og slutta med trombonemusikk av Olea Jonsdottir Flø. Ho er barnebarn til den eine poeten, Gerd Vik Flø, den første som bademeister Magne Grimstad jr. tok i tale.

Ho svara nei på spørsmålet om ho var nervøs.

- Men eg er litt skjelven av høgtid. Eg føler eg har vore med på å lage noko stort, i alle fall for meg sjølv, smilte Gerd.

Unni Takseth fekk spørmålet om ho kunne ha tenkt seg å vere diktar på heiltid.

- Då måtte det vere godt betalt. Og så er eg så glad i serviceyrket mitt, at eg trur får halde fram der, svara ho.

Hanen i korga, Morten Feiring frå Eiksund og Biri ved Mjøsa, nytta sjansen til å reklamere for pultost - Biripultosten  laga ved Biri meieri.

Alle tre last to dikt kvar, og alle tre fekk det travelt med å signere bøker etter på.

Boka har ei mengde flotte foto av dei lokale fotografane Roar Hatløy og Stig Hole.

Asle Geir Widnes har vore redaktør for boka.