Hareid kommune informerer på nettsida si om at det neste veke blir fire folkemøte om kommunereforma. Dei viser til at Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast eit kommunereformarbeid i kommunane. Hareid kommune ønskjer difor å kome i tettare dialok med innbuggjarane sine og kallar inn til fire krinsvise folkemøte.

På møta vil dei informere om kommunereforma, status så langt og det vidare arbeidet.

- Det viktigaste er likevel at innbyggjarane får kome med sine synspunkt og tankar om reforma og vegvala vidare, slik at kommunestyret på best mogleg grunnlag kan fatte sine vedtak, skriv dei.

Tysdag 26. mai er det møte i Hjørungavåg og Brandal.

Torsdag 28. mai er det møte på Bigset og Hareid.