Hittegods i Ålesund har for ei tid tilbake fått inn eit armband som må vere eit kjært minne for noko etter foreldra. Det ser vi ut frå bodskapen i teksta på innsida, seier kommunikasjonsrådgjevar Eli Anne Tverrgrov ved Sunnmørs politidistrikt.

-  Det er ikkje sikkert, men truleg høyrer det til ein stad her på Sunnmøre eller i Romsdalen, legg ho til.

Den som trur dei kjenner att smykket ber vi om å ta kontakt med hittegods i Ålesund. Fortel kva som står på innsida av det.