Leite & Howden AS har oversendt Hareid kommune eit reguleringsplanforslag for ”Grimstadgeila”, som er ei utviding av Geilane bustadfelt, i retning Hareid sentrum.

Feltet vil gi 26 nye bueiningar.

Grimstadgeila er ein del av Ivergarden. Utmarksstykket, som ligg opp mot fjellfoten, er på 12,7 dekar og vart lagt ut til bustadføremål for nokre år sidan.

Total-Bygg Hjørungavåg har kjøpt området av Håvard Grimstad og hyra Leite & Howden til å utforme det. Oppstartmøtet for reguleringa vart halde 29. oktober i 2013.

Området skal ha tilkomst frå dei alt eksisterande fylkesveg-avkøyrslene til Geilane bustadfelt.

Grimstadgeila er planlagt med ei viss grad av fortetting. Dei 26 bueiningane fordeler seg på fire 4-mannsboligar, fire einingar i rekkehus, fire einingar i 2-mannsboligar og to einingar i einebustader.

Frå før har Geilane bustadfelt 90 bueingar, så etter denne utvidinga aukar talet på bueiningar i det samanhengande området til 116. Nærområdet er dominert av småhus. Området ligg 2,7 km frå Hareid ferjekai.