Med norsk fôr- og oppdrettsteknologi kan Nofima i samarbeid med det Herøy-baserte investeringsselskapet Kaston ha revolusjonert kråkebolle-marknaden i Japan.

– Eg har alltid hatt trua på Norge sitt enorme potensial innanfor oppdrettsnæringa. Eg tenkte på kva marknadar som på best mogleg måte kunne ha bruk for eksisterande norsk fôr- og oppdrettsteknologi. Då fann eg ut at det største behovet låg i kråkebolle-bransjen. Slik starta det heile, seier Brian Takeda.

Takeda er direktør for innovasjon og strategi i investeringsselskapet Kaston, som er eigd av reiar Sigurd Teige. Grunnen til at akkurat kråkebollar blei satsinga, var potensialet for profitt.

– Skulle vi bruke mykje tid og pengar på ei satsing, ville vi sjølvsagt ha igjen for det. Vi konkluderte med at kråkebollar gir størst inntening, dersom vi lukkast.

Takeda fortel at kilopris på fiskemat, som til dels torsk, varierer med nokre titals prosent, medan kråkebollane, om ein treff rett i marknaden, varierer med fleire tusen prosent.

– Kiloprisen på kråkebollar i Japan ligg no på mellom 1.000 og 3.000 kroner, seier han.

Ideen førte han til Norge

Det var også kråkebollane som gjorde at Brian Takeda tok med kona si, som opphavleg kjem frå Gurskøy, til Norge. Ekteparet budde før dette fem år i Canada, der Takeda dreiv sitt eige selskap.

– Avtalen no er at vi skal bu her i minst fem år, fordi vi budde fem år i Canada, seier Takeda og flirer.

Han var djupt fascinert over kunnskap- og kompetansenivået til nordmenn på fôrutvikling og oppdrettsteknologi, og balansen dei skaper mellom dei to. Han reiste til Japan og fekk bekrefta at marknaden kunne vere interessert i betre løysingar, og sidan har han ikkje sett seg tilbake. Forretningsmodellen er såre enkel, forklarar Takeda.

– Forskingsprosjektet nyttar fôr, utvikla og produsert av det norske matforskingsinstituttet Nofima og norskproduserte oppdrettskasser. Kråkebollane blir så lisensproduserte i Japan, for å unngå toll og frakt. Lønnsemda er betre på denne måten. Vi produserer alt i Japan, men inntektsstraumen går tilbake til Norge.

Kaston sel kunnskapen, ikkje varene, fortel han.

– Det vi i realiteten gjer, er å tilby dei som vil drive med produksjon av kråkebollar ein betre teknologi. Klarer vi å få dette til kan vi nytte norske samt japanske kapitalistar til å ta satsinga endå høgare.

Kråkebollar har alltid vore fascinerande sjømat for japanarane.

– Det er ein eksklusiv råvare som vanlegvis er vanskeleg å få fatt i. Det er ein råvare som er vanskeleg å vinne ut, og biologisk og lovmessig sett er den berre tilgjengeleg seks månadar i året. Med vår oppdrettsteknologi kan ein produsere kråkebollar som er betre, når på året kundane måtte ønskje det, seier Takeda og legg til:

– Vi tek samstundes av den bestanden som skadar kystområdet, vi kan dermed løyse eit miljøproblem, og hjelpe fiskarane å byggje opp fiskebestandane og få tilbake tang- og tareskogen som kråkebollane har ete opp. I tillegg tener vi pengar på det, seier han og legg til:

– Som den kapitalisten eg er, er dette eit fantastisk scenario. Vi tener pengar på det, samstundes som vi bidreg til samfunns- og miljøforbetring.

Godt i gang

Planlegging og systembygging blei gjennomført i 2013, forskingsprosjektet var i gang seint på året i 2014.

– Det mest spanande er at vi klarer å levere etandes kråkebollar i ein periode av året då det elles er fysisk og biologisk umogleg. Vi kan plutseleg levere kråkebollar til det japanske folket til nyttår, då dei konsumerer mest sjømat, og når ingen andre kan levere det.

Fôret i seg sjølv tok tjue år å utvikle, og er av ei slik samansetning at det ikkje løyser seg opp dei fyrste fem-seks dagane, slik anna fôr vil gjere.

– Vi har rettane til dette, og japanske forskarar vil ikkje kunne utvikle dette før om mange, mange år. Vi sel gjerne denne løysinga til fiskarane, for vi vil gjerne få produktet på marknaden. Vi gler oss til fortsetjinga, seier han.