Åtte lag med tilsaman over 400 turnarar kjem til å prege bygda dei to dagane.

Alice Strømmegjerde, leiar i turngruppa, fortel at dei tilreisande turnarane blir innkvarterte rundt om på skulane.

Sjølve stemnet startar med turnartog klokka 12 laurdag. Bigset skulekorps og Hareid skulekorps syter for musikk.

Utover ettermiddagen blir det halde såkalla ”workshops” der turnarane får prøve seg i ei rekke andre idrettsgreiner og aktivitetar – som symjing, friidrett o.s.v.

Klokka 18 blir Hareidhallen opna for ein saltokonkurranse, der klubbane stiller gruppevis og der det er høve for publikum å sjå på.

Om kvelden er det sosialt samvære.

Stemnepriskonkurranse

Søndag er det så klart for den store stemnepriskonkurransen. Også denne foregår i Hareidhallen. Kvart lag stiller med ei særtropp som har øvt inn eit eige program. Aldersspennet frå yngste til eldste deltakar kan vere stort. – Vår yngste utøvar er seks år, fortel turngruppeleiaren, som synest dette er ein fin måte å vise fram breidda si på.

Alice Strømmegjerde vil framheve den gjengen Hareid IL har på trenarsida i år: Marte Rise, Linn Urke, Mia Sandnes Nilsen, Oline Nesset, Nathalie Birkhol, Julie Kvalsund, Helene Kvalsund og Helene Hasund.

– Ein utruleg bra gjeng, slår ho fast.

Hareid IL vann stemneprisen for to år sidan. Kven vinn han i år?