Ulstein Venstre har bede adminsitrasjonen greie ut om Ulstein kommune kan nytte miljøarbeidarar i skulane til å  førebyggje barnefattigdom, rus, mobbing og psykiske problem mellom born og unge.  Kommunen må sjå om dei kan få støtte til dette tiltaket.

Kommunalsjef oppvekst Gry Nordal svarer at Herøy har fått rusmidlar frå helsedirektoratet som dei har nytta til dette. Ulstein har også fått slike midlar, men pengane har gått til eit lågterkseltilbod for rusavhengige (jobbsentral). Hareid har  brukt pengane dei har fått til betre helsesøsterteneste på ungdomsskulen.

Nordal viser til at Helsestasjonen dei to siste åra har fått auka stillingsressursen på 70 %, helsesøstre kan også ha ei positiv effekt på læringsmiljøet til elevane. Sosialarbeidar i skulen viser også positiv effekt på faglege resultat og sosial meistring for elevane, særleg om sosialarbeidarar rettleiar og bistår lærar i handtering av elevar med åtferdsproblem. Då kan lærar fokusere på undervisning og læringsmål. Eit godt læringsmiljø er god førebygging. Det kan vere aktuelt i Ulstein å nytte  eit program som inkluderer sosialarbeidar i opplegget.

Dette blir det orientert om i kommunestyremøtet 28.5.