Karsten Warholm, Dimna IL, har vore totalt overlegen 1. dag av NM i 10-kamp for juniorar i Nittedal. Han har sanka 3987 poeng – og treng berre 2937 poeng på dei fem øvingane søndag for å greie junior-EM-kravet.

Karsten sine resultat på opningslaurdagen var slik:

Høgdehopp: 2.00 (803 poeng)

Lengdehopp: 7.34 (896 poeng)

100-meter: 10.92 (878 poeng)

400-meter: 49.31 (847 poeng)

Kule: 11.29 (563 poeng)

Juniorklassa har fire deltakarar. Steinar Sollien Nicolaisen frå Horten ligg på 2.-plass med 2713 poeng, d.v.s. 1274 poeng bak Warholm.

Søndag skal Karsten kaste spyd og diskos, hoppe stav, løpe 110 m hekk og 1500 meter. Han kan nok ikkje rekne like mange poeng i desse øvingane som i laurdagsøvingane.