Tolvi damer frå Hareid, Ulstein, Sande og omkringliggande strøk er i emninga med å starte eit musikalsk konsept som dei ikkje heilt veit kvar vil ende.

Opptakta skjedde under utdrikkingslaget til Vibeke Holstad for eit par dagar sidan. I gjengen som då var samla var det fleire unge kvinner som tidlegare har sunge i Hareid Ten Sing, spelt i Hareid skulekorps - og så vidare.

Den komande bruda, Vibeke Holstad, fekk i oppgåve å vekke til live gamle kunstar hos utdrikkingsjentene.

- Vi måtte leite fram gammalt stoff frå Ten Siing og notar frå Hareid skulekorps-tida, fortel Lene Veiseth.

Dei hadde ikkje spelt mange tonane før dei fann ut at det var skikkeleg gøy og skape musikk saman.

- Vi har ikkje fått oss noko namn enno. Men kanskje blir det noko i retning av "Vibeketausene" eller eit kvart liknande, smiler Veiseth.

Laurdag hadde dei sin første konsert på Kafe Josefine, og det musikalske konseptet er ein miks av kor, korps og band.

- Vibeke er veldig flink til å synge, så ho vil få ei viktig rolle, slår Veiseth fast.

Med i Vibeketausene er Vibeke Holstad, Hege Holstad, Eva Janne Holstad, Kirsten Valseth, Lene Veiseth, Susanne Tøsvik, Kristiane Howlid, Hilde Gry Klungsøyr, Gry Sydhagen, Monica Edvinsen, Kari Brandal og Birgritte Hareide Øvrelid.

Kva tid neste konsert blir, er uvisst.

- Det får vi drøfte dei næraste dagane, men vi kjem heilt sikkert til å opptre i bryllaupet til Vibeke Holstad  og Thomas Dalsøren 20. jun, slår Lene Veiseth fast.