– Hareid er ein trygg kommune å vekse opp i. Men, det er fleire ting vi føler vi manglar. Vi vil ha tilbake MOT, eit godt førebyggande program, vi vil ha ein ungdomsarbeidar, og det hadde vore forferdeleg trist om ungdomsklubben blir lagt ned. Vi oppmodar politikarane til eit samspel med oss i Ungdomsrådet kring desse tema, fortalde dei tre ungdommane frå Ungdomsrådet i Hareid og Ungdomspanelet.

Fylkesmann Lodve Solholm gjekk umiddelbart fram etter innlegget, og sa seg einig i mykje av det ungdommane fortalde.

– Eg oppmodar Hareid kommune til å satse på MOT-programmet igjen, og å satse det dei kan på ungdommen. Dei representerer framtida vår, ta godt vare på dei, seier Solholm.

Hareid kommune var nummer 33 av totalt 36 kommunar i fylket, som fylkesmann Lodve Solholm og apparatet rundt han har vitja.

– Robek ein hemsko

Hareid-ordførar Anders Riise (H) var førstemann på programmet. Han fortalde delegasjonen frå fylkesmannen sitt kontor, deriblant assisterande fylkesmann Rigmor Brøste, om stoda i kommunen.

– Vi er den sjuande største industrikommunen i fylket, men vi har også høg arbeidsløyse. Vi er på Robek-lista, noko som har blitt ein hemsko, spesielt for næringslivet, sa Riise.

Han poengterte også nok ein gong for fylkesmannen at problema med sambandet Hareid-Sulesund er noko fylket må følgje med argusauge.

Lodve Solholm heldt så sitt innlegg, der han fokuserte mykje på fylkesmannen si rolle og kommunereforma. Fylkesmannen reiser i desse dagar rundt for å vise fram eit dokument dei lagar for kvar enkelt kommune, eit kommunebilete, ei slags handbok, spesielt for alle som skal handsame saker for kommunane.

– Vi er unikt interesserte i Hareid kommune. No veit vi at Hareid har utfordringar knytte til Robek, og at spesielt næringslivet i kommunen føler dette har blitt ein hemsko. Vi følgjer med, seier Solholm.