Leidulv Ø. Grimstad frå Hareid (64) blir 14. juni ordinert til presteteneste i Den norske kyrkje.

Han skal ta til som prostiprest i Søre Sunnmøre prosti. Sjølve ordinasjonen skjer under gudstenesta i Hareid kyrkje.

- Alle er hjertelig velkomne til å vere med. Etter gudstenesten byd soknerådet inn til kyrkjekaffe I Hareid bedehus, uttaler Grimstad.

Det som skjer under ein ordinasjon, er at ordinanten gir ein livslang lovnad som prest i kyrkja. Deretter ber biskopen, samen med andre, for presten og tenesta.

- Eg ser fram til både dagen og prestetjenesten og vonar at mange har høve til å dele dagen med meg, seier Grimstad.