Agnes Hareide hevdar i eit oppslag på vikebladet.no og i dagens avis at Hareid kommunestyre i 2007 gjorde vedtak om å verne sandstranda på Indre Hareid.

Les også: - Stopp gravinga!

- Det kjenner eg ikkje til, og Ulmatec eigde heller ikkje området som sandstranda ligg på i 2007, opplyser Myrene.

Det han er sikker på, er at Hareid kommunestyre i 2012 vedtok ein arealplan som inneber at området der sandstranda ligg, vart tilbakeført til industriområde.

- I 2007 kjøpte Ulmatec bygningane og området til Rolls-Royce Marine (gamle Ulstein Nor), og det vart då starta eit arbeid med å utvikle området nedanfor desse bygningane. Og i 2009, i samarbeid med Hareid Group, starta vi arbeidet med utvikle det som har fått namnet Mylnå Industriområde, opplyser Myrene.

Vart grunneigarar i 2014

Først ut på vårparten 2014 var det formelle salet av grunnen der blant anna sandstranda ligg i orden, og Ulmatec vart eigarar av dette området.

Myrene opplyser at dagens administrasjonsbygg skriv seg heilt tilbake til Nor-Aluminium si tid, og at planen er å føre opp eit nytt administrasjonsbygg på området ovanfor stranda.

Veg over sandstranda

Vegen inn til industriområdet, som er gammal, smal og i dårleg stand, må flyttast lenger ned for å gi plass til kontorbygg og tilhøyrande parkeringsareal. For å løyse dei trafikale utfordringane inne på området, både til produksjonshallane og kaiområdet, skal det lagast ein ny innfartsveg til industriområdet, og den kjem til å gå i området er sandstranda ligg.

- Vi har kjøpt dette området for å utvikle det til industri. Kaia som alt er bygd, kjem til å bli forlenga i retning mot det som tidlegare var «Johan-butikken». Så der sandstranda ligg, kjem det ikkje til å bli sjø i det heile, forklarer Myrene.

- Einaste løysinga

På spørsmål om dette er den einaste løysinga, svarer Myrene ja.

- Vi treng ein ny innfartsveg til industriområdet. Vi treng fleire parkeringsplassar og vi treng lagringsplass til utstyr.

Myrene opplyser at det Ulmatec gjer no er å flytte masse på sitt eige område, blant anna på sandstranda, for å sjekke grunnforholda, og at dette ikkje er søknadspliktig. Dette er ein lekk i det vidare detaljarbeidet med å utvide Mylna Industriområde i retning småbåthamna.

- Sidan vi starta planarbeidet og utviklinga av Mylna Industriområde i 2009, har vi hatt ein tett dialog og eit godt samarbeid med administrasjonen og leiinga i Hareid kommune. Det har vi også hatt i samband med utvidinga av industriområdet, og det vi gjer no er i tråd med gjeldande regelverk og kommunale vedtak, svarer Myrene.