Sjølv om kyrkja sjølv, gjennom Ulstein kyrkjelege fellesråd, ønskjer at at ei ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik skal plasserast på Store Vikholmen, ønskjer ikkje rådmann Einar Vik Arset det. Han rår politikarane til at ei eventuell ny kyrkje i Ulsteinvik skal lokaliserast ved noverande kyrkje, jf. framlegg til plassering som er vist i rapporten frå Lund og Slaatto arkitekter.

Saka blir lagt fram for levekårsutvalet og teknisk utval neste veke. Deretter går saka til formannskapet, før kommuenstyret gjer vedtak i saka i junimøtet.

Gamal sak

Ny kyrkje i Ulstein har vore tema ved arbeid av arealdelen i kommuneplanen sidan 2000. I 2012 sette soknet ned eit planutval som arbeidde med denne saka, sidan då har saka blitt meir aktualisert. Ulstein sokn skal ivareta fleire oppgåver enn tidlegare, mellom anna knytt til trusopplæring, og varslar at dei treng tenlege lokale til oppgåvene.

Fem kriterie

For kommuneadministrasjonen er det fem kriterie som har vore ekstra viktige når dei skulle ta stilling til kvar den nye kyrkje skal liggje. Det er tettstadutvikling, arealforvaltning, infrastruktur og parkering, driftsmessige tilhøve og moglege brukskonfliktar.

Å plassere ny kyrkje ved noverande bygg i Kyrkjegata vil vidareføre og understreke tettstadutviklinga Ulsteinvik har hatt siste åra. Ein del av det som skjer i ei kyrkje gjev aktivitet i sentrum til tider då det elles er lågare aktivitet og god kapasitet i sentrum. For rådmannen har det også vore viktig å få kyrkja nært til skulebygga, så det skal vere kort veg for skuleborna om dei vil vere med på aktivitetar i kyrkja etter skuletid.

Stor motstand

Det var for eit par år sidan lansert framlegg om å leggje ei ny arbeidskyrkje tett inntil eksisterande kyrkjebygg, ved å grave seg inn i kyrkjegarden. Dette vekte stor motstand, og det vart levert inn 1316 underskrifter for å ta vare på Vik kyrkjegard.

Rådmannen varslar at det må vere ein føresetnad for dette alternativet at kyrkjegarden i liten grad blir bygt ned. Ein må også vere merksam på at kommunalt eigd bustadhus og ein privat bygd garasje med hage må sanerast om ein vel dette alternativet.

Ikkje pengar på fleire år

I papira frå Ulstein sokn er det vist til at eit nytt kyrkjebygg vil koste ein stad mellom 50 og 60 millionar kroner. I budsjettet har dei rekna med at Ulstein kommune vil betale 15-20 millionar kroner.

Men kommuneadministrasjonen varslar at dei ikkje ser føre seg at kommunen kan løyve desse millionane på fleire år, då kommunen har gjort ein del store investeringar i det siste.