Etter at bompengeperioden for Eiksundsambandet vart avslutta i juni fjor, sit bompengeselskapet att med mellom 10 og 12 millionar kroner når status er oppgjort.

- Eiksundsambandet er ein inspirasjon

Spørsmålet er no kva ein skal nytte desse pengane til.

Ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, kom på generalforsamlinga i Eiksundsambandet sist tysdag med eit innspel om å bruke overskotet til å ruste opp Selvågtunnelen.

Trafikken auka etter bomfjerninga

- Selvågtunnelen heng saman med Eiksundsambandet, og treng eit oppgradering, seier Goksøyr som vonar at dette er et innspel som resten av det politiske miljøet på søre Sunnmøre kan stille seg bak.

Arnulf Goksøyr ser for seg at tunnelen vert oppgradert til ein standard som stettar krava til Europa-veg.

- På denne måten er vi klare når Hafast og ein E-39-trasé over ytre Søre skal realiserart i framtida, seier han.

Avviser Hafast-omkamp

Ei oppgradering av Selvågtunnelen er allereie planlagt, men i følgje Goksøyr er dette lagt inn i planverket for etter 2018 ein gong.

- Ved at pengane vert ført tilbake til ein del av det sambandet Selvågtunnelen er ein del av, vil det vere eit positivt signal til dei som har betalt inn bompengar om at dei no får litt tilbake for dette, seier Goksøyr som ikkje tykkjer det er nokon god idé å spreie desse pengane utover mange småtiltak.

- Det er betre å bruke dei på noko som viser att, er konklusjonen Arnulf Goksøyr.