Då lokalavisa kika innom onsdag ettermiddag var Victoria i full gang med å gjere alt klart. Ho får hjelp av dottera Sarah på snart to år, og no står det i grunnen berre att ein siste vask. Fotostudioet, som har fått namnet VR Foto, ligg i andre etasje i Sentrumsbygget (også kjent som Nordea-bygget).

- Alt av utstyr kom på plass i dag. Eg har venta på blitsane, og i dag kom dei endeleg fram i posten. No skal det meste vere klappa og klart for laurdag, fortel Rinde.

På opningsdagen førstkomande laurdag vil det sjølvsagt bli feira med god mat og drikke.

- Det blir kaker og kaffi, og gode tilbod på rammer og fotografering. Vi har også pønska på om vi skal køyre ein konkurranse. Dei som kjem får sjå. Velkomen skal alle vere, seier Rinde med eit smil.

Les meir om det nye fotostudioet i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.