Ei av sakene som skal opp i Ulstein kommunestyre i dag, torsdag, er politisk reglement.

Ulstein Arbeidarparti har  i samband med denne saka henta inn opplysningar om kva praksis i nabokommunane har når det gjeld ordførarlønn.

-  Ordninga i Volda kommune der lønna fylgjer stortingsrepresentanten si lønn finn vi både formålstenleg og fornuftig. Ei slik ordning vil vere forankra i ei allereie etablert politisk avlønning, kommenterer Renate Rossi Kaldhol i Ulstein Arbeidarparti.Arbeidarpartiet har fått med seg Ulstein Høgre på eit forslag der dei ønskjer å  skilje ordførarlønna frå praksisen med å fastsette lønna basert på lønna til rådmann.

-  Det er ikkje lenger politisk grunnlag for ei slik ordning sidan rådmannsstillinga i langt større grad er konkurranseutsett og lønnsdrivande, meiner Rossi Kaldhol.Ulstein Høgre og Ulstein Arbeidarparti fremjar fylgjande forslag om godtgjerdsle for ordføraren:

"Ulstein kommune set ordførarlønna til 100 % av det stortingsrepresentant har per år. Godtgjerdsla blir regulert frå same tidspunkt som stortingsrepresentant si lønn blir fastsett i mai / juni kvart år. Godtgjerdsla blir utbetalt etter same reglar for dei tilsette i kommunen med tanke på feriepengar, sjukelønn m.m.  Ordføraren er innmeldt i vedteken pensjonsordning".

Forslaget er underteikna av Renate Rossi Kaldhol (Ap.) og Tor Meinseth (H).