Rådmann Einar Vik Arset har varsla at Ulstein kommune må spare inn ti millionar på budsjettet til hausten. Kommunen har store ekstrautgifter til private barnehagar, barnevern, auka pensjonskostnader og styrking av økonomisk sosialhjelp. Men no ser det ut til at dei må kutte 4,4 millionar i staden for ti. 1,4 av desse er innan omsorgssektoren.

Gjennom tertialrapporten får politikarane informasjon om korleis det går med økonomien i kommunen. Men denne tertialrapporten skil seg frå tidlegare rapportar. – Omfanget i endringane gjer i realiteten saka til ein fullskala budsjettrevisjon, skriv Arset i sakspapira til politikarane.

Rentebindingspengar til drift

Hovudbodskapen til rapporten og budsjettreguleringa er at tenesteområda blir tilført friske pengar. Tidlegare budsjett har hatt ein del generelle innsparingar på etatsnivå. Desse har vist seg å vere vanskelege å gjennomføre, og er no fjerna.

Både Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF) er godt i gang med å gjere om flytande rente til lange faste renter. I budsjettet var det sett av 4 millionar kroner til rentebinding, men å binde renta var ikkje så dyrt som venta. Rådmannen trur at oppbygging av rentefond i UEKF truleg vil dekkje resterande kostnader til fastrentestrategien. Såleis kan dei 4 millionane som var avsett til rentebinding nyttast til andre ting.

Får meir pengar inn

Kommunen har også fått betre skatteinngang enn venta. Revidert nasjonalbudsjett gav kommunen 1,6 millionar kroner ekstra. Samstundes er det brei semje om at kommunen må tilpasse seg utflating og mogleg nedgang i skatteinntektene for andre halvår av 2015. Som kjent er det oppbremsing av aktiviteten i næringslivet. Rådmannen føreslår å auke inntekta på skatt og rammetilskot med 4,6 millionar.

Arset spår at dei kan spare inn ein del i møtegodtgjersle til politikarane, pensjon til ordførar/varaordførar og dei vil bli spare på kurs/reise og kjøp av varer og tenester for å kome i balanse ved årsslutt.

– Me er no tryggare på at budsjetta er tilpassa faktisk aktivitetsnivå. Det vil gjere det lettare å styre mot ballanse inneverande år. Men det er framleis usikkert korleis det blir med skatt og pensjon, kommenterer Arset til lokalavisa og legg til at dei følgjer nøye med.