Kommunalsjef Trine Falkenstein føreslår for politikarane i Hareid at det blir sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide eit framlegg til ny skulestruktur i kommunen.

Grunngjevinga er at skulane i Hareid slit. I fleire år har det vore kutta i skulebudsjetta og opplæringstilbodet stettar ikkje krava som opplæringslova set. For å gje elevane eit godt tilbod må dei til med organisatoriske og strukturelle tiltak, meiner rådmannen.

Frå SFO til skulestruktur

Førre veke var foreldra til dei komande førsteklassingane på eit informasjonsmøte. Dei fekk der høyre at kommunen ville leggje ned SFO-tilbodet i Hjørungavåg og Bigset, og busse borna inn til SFO i Hareid.

Før Falkenstein orienterte om SFO, rita ho opp alle problema i Hareidskulen med manglande leksehjelp, lite fysisk aktivitet og ikkje nok rammetimar. Fleire foreldre skal ha blitt engstelege for kva som har venta barnet deira når dei skal byrje på skulen.

På møtet vart det sagt at omlegginga av SFO skulle opp som sak i levekårsutvalet komande tysdag. Foreldreutvala ved Hjørungavåg og Bigset sette seg ned og forfatta brev til kommunen der dei gjekk i mot planane om å leggje ned SFO-tilbodet på skulane deira. Men då sakspapira til møtet vart offentlege onsdag ettermiddag, var det ikkje lenger SFO som skulle endrast, men skulestrukturen.

Heller auke løyvingane

Fuglseth er oppgjeve over at administrasjonen igjen føreslår å endre skulestrukturen. Dette er ei sak kommunen har hatt mange rundar på, men no har det vore politisk semje i fire år om at dette ikkje er vegen å gå for å auke kvaliteten.

Han meiner lovbrota Falkenstein viser til er sterkt overdrivne. Alle kommunar har sitt å slite med. No har Hareid innført eigedomsskatt for å sleppe å leggje ned skular. Treng oppvekstsektoren fleire rammetimar må heller kommunen løyve meir pengar til det.

No er Hareid snart på veg ut av ROBEK. Skal alle elevane samlast på ein skule må dei byggje eit nytt skulebygg. Det vil koste mange millionar og sende Hareid kommune rett inn på ROBEK igjen, spår Fuglseth og trur ikkje innbyggjarane vil ha denne kampen på ny.