– Hareid kommune har fleire gonger diskutert ny skulestruktur, utan at det har blitt fleirtal for nokon ny struktur. Kvifor trur du at du no vil vinne fram?

– No har eg gjeve foreldra informasjon på foreldremøte. Det er viktig at foreldra får kjennskap til kva som er stoda i skulane. I fellesskap skal me få på plass rammene skulane treng for å drive lovmessig, svarer Trine Falkenstein som også opplyser om at ho har køyrd slike prosessar før. Ho har 25 års røynsle innan oppvekstsektoren.

Les også: Lite lysten på omkamp

Ho meiner at skulane og barnehagane treng tilstrekkeleg med ressursar for å gje borna ein god skule. Har ein ikkje nok hender i barnehagane og er mange nok lærar i småskulen, vil borna slite seinare opp i klassane. Ho meiner det er det ein ser no. Då må skulane til med ekstraressursar.

Kommunalsjefen presiserer at ho ikkje kritiserer dei tilsette, dei gjer ein god jobb, men dei må ha betre rammer å jobbe under. 29 elevar er for mange på ein lærar.

Ho har ikkje foreslått at foreldre skal sitje i arbeidsgruppa som skal utarbeide ny skulestruktur i Hareid, men ser føre seg at FAU og SU kan vere referansegrupper i prosessen. – Skal me lage ein god skule må me samarbeide med foreldra, seier Falkenstein.