Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med dei frivillege friluftsorganisasjonane organisert under Forum for natur of friluftsliv (FNF) inviterer ungdommar frå heile fylket til friluftsleir på Åndalsnes i juli.

- I samband med friluftlivets år 2015, ønskjer vi å gjere eit forsøk med ein slik camp her i fylket, seier FNF-koordinator Ingbjørn Bredeli.

Arrangementet finn som sagt stad på Åndalsnes, mellom 9. og 12. juli. Campen er ein del av programmet til Norsk Fjellfestival, og vil vere eit heilt nytt tilbod til ungdom under festivalen. 4H, Speideren, Jeger- og fiskerforeningen, Naturvernforbundet og Turistforeningen stiller alle med sine lokallag. Desse vil presentere aktivitetar og opplevingar for ein kvar smak, og fredagskvelden blir det konsert på campen.

- Kanskje kan dette blir starten på eit årleg arrangement som samlar friluftsorganisasjonane og ungdom i Møre og Romsdal. Håpet er at vi saman skal kunne skape ein arena der ungdom kan trivast og få ei positiv oppleving rundt eit aktivt friluftsliv, seier Ingbjørn Bredeli.

Fristen for å melde seg på er 10. juni, og alle mellom 13 og 17 år kan vere med.