Hallstein Saunes, dagleg leiar i Link, tek med Vikebladet Vestposten rundt i eit av dei tre bygga selskapet no leiger på Myrtun på Hareid, som blir lagt til rette for 30 mottaksplassar. Myrtun var i si tid bygd som asylmottak, men mottaket blei etter kvart flytta til det som i dag er Hareid hotell, og i ettertid har Myrtun blitt nytta som bustader for verftsarbeidarar. No skal bygga settast i stand til sine nye bebuarar.

– Med det første er det innsida vi konsentrerer oss om, og til neste sommar tek vi føre oss det utvendige, seier Saunes.

Det er ni rom i kvar etasje og totalt 18 i kvart av dei to bustadbygga Link får til disposisjon.

– Det blir til saman 36 bueiningar, men mottaket skal drifte 30 plassar. I heilt spesielle situasjonar, der UDI treng ekstra kapasitet, kan det kome til god nytte, seier Link-sjefen.

For einslege mindreårige

Det er tre typar mottak i Norge, transittmottak, ordinære mottakssystem for einslege vaksne og familiar, slik som det i Ulsteinvik. Eit tredje er for einslege mindreårige.

– Dette er personar mellom 15 og 18 år, som kjem til Norge og ber om asyl på eiga hand. Dei kjem først til transittmottaket som vi driv i Mysen, og kjem så til ordinære mottak. Her på Hareid vil det no bli eit slikt mottak, forklarar Saunes.

I 2008–2009 auka ankomsten av einslege mindreårige mykje, men så gjekk talet ned igjen. No i første halvår av 2015 har dette talet auka mykje igjen.

– Berre dei siste fire-fem vekene har talet vekse. Det er ein av grunnane til at UDI no ønskjer meir kapasitet hurtig.

Mottaket på Hareid blir eit omsorgsmottak, og det blir personale på huset til alle døgnets tider. Difor går Link no ut og søkjer etter arbeidskraft.

– Vi lyser ut 13–14 årsverk med barnefagleg og miljø-kompetanse. Vi treng også  personar med multikulturell bakgrunn og språkkunnskapar. I tillegg vil vi nytte kompetansen vi har ved mottaket i Ulsteinvik og i Volda.

Leiger med Hareid kommune

Selskapet leiger tre av dei fire bygga på Myrtun av kommunen. To skal nyttast til bueiningar, medan eitt skal vere kontorareal og aktivitetssenter for bebuarane.

– Hareid kommune har jobba godt med oss kring dette, og eg er glad for at vi fekk avtalen i hamn, seier Saunes og legg til:

– Kommunen er god på integrering, og dei har eit godt fungerande ressurssenter med språkopplæring.

Mest eritrearar

Blant dei einslege mindreårige er det mest eritrearar og afghanarar som kjem til Norge, men også frå Somalia, Etiopia og Syria.

– I år er det spesielt eritrearar som kjem. Mange av desse er dei vi har sett bilete av som har kome til Europa over Middelhavet. Det har aldri vore så mange asylsøkjarar i Europa som i fjor, då straumen over Middelhavet var som størst, men ikkje før i år ser vi verknadane av det her i Norge. Vi låg stabilt på 11.000 menneske som kom til landet i året, men i år ser vi det aukar.

Behov for auka kapasitet

Når asylsøkjarane kjem til Schengen-området, kan dei plassere asylsøknaden sin til kva som helst slags land innanfor denne ordninga.

– Ekstra mange kjem no til Norge, og då spesielt mindreårige einslege eritrearar. Vi som privat selskap har vore i denne bransjen i 15 år, og har tileigna oss den kompetansen vi treng for å kunne bygge opp og bygge ned kapasitet, og no er behovet for auka kapasitet der.

Link blei tildelt dei 30 mottaksplassane her i området av Utlendingsdirektoratet, og har som intensjon å kunne ta i bruk Myrtun allereie frå 1. juli.

– Frå måndag av blir det jobba på spreng for å gjere bygningane klare, og å få tak i mannskapet vi treng for å drifte det, seier Saunes avslutningsvis.