I ettermiddag vitja kronprins Haakon Magnus med følgje Ulstein Verft. Ved inngangspartiet vart han teken varmt imot av femteklassingane frå Ulsteinvik barneskule. Dei vifta med norske flagg og ropte høgt hurra.

Emilie Flote hadde fått æra av å overrekkje kronprinsen blomar og ordførar Jan Berset og konsernsjef Gunvor Ulstein ønskte han velkomen.

Kronprinsen fekk ei rask omvising på verftet. Deretter vart han teken med i auditoriet der Gunvor Ulstein fortalde om Ulstein Group og Gry Sydhagen presenterte Metizoft.