Då Odd Erling Norheim Eriksen og familien kjøpte seg hus og slo seg ned i Hareid, tenkte dei at parken i sentrum med andedammen og leikeplass ville bli ein kjekk stad å oppsøkje med borna. No har det vorte parkeringsplass for folk som er på flyferie.

LES OGSÅ: Vedtok å fylle igjen andedammen i høve kronprinsbesøket

- Eg ser kor kjekt det hadde vore med turar til sentrum for å nyte den vesle oasen parken med andedam saman med borna mine, seier Norheim Eriksen som fortel at han har registert at det også er mange andre i Hareid som seier at dei saknar dammen.

- Vi tykkjer det er trist at det no har vorte ein parkeringsplass slik som mykje av resten av Hareid sentrum. Det står nesten støtt parkert bilar på grusplassen som er anlagt der dammen ein gong låg, seier han.

Norheim Eriksen seier at han ønskjer eit aktivt og triveleg sentrum i Hareid der barn og vaksne kan leike og kose seg. Han trur også dette vil vere viktig for butikkane i Hareid.

- Der det er triveleg er det folk, og der det er folk kan nokon  tene pengar på handel, seier Nordstrand.

LES OGSÅ: Kva skjer med Åsendal-parken?

Han har engasjert seg i Hareid Venstre og står på fjerdeplass på lista til kommunestyrevalet. Målet er å kome inn i kommunestyret for å gjere ein innsats for eit trivelegare Hareid sentrum, og han har planen klar: Bygging av ny andedam, oppgradering av leikeplassen i parken, aktivitetar i parken og i resten av sentrum og nytte mildar frå næringsfondet for tilrettelegge etablering av hyggjelege spesialforretningar med god service.