- Vi er sjølvsagt letta over at det gjekk så bra som det gjorde. Det vart ikkje så gale som det kunne vore, seier konsernsjef i DSD (Det Stavangerske Dampskibsselskab AS), Ingvald Løyning, til Vikebladet Vestposten.

Les også: Skip på grunn utanfor Skeide

Rundt klokka halv ni søndag kveld, var oppdrifta rundt skipet bra nok til at den vesle slepebåten S/B Hugin, med skipper Jan Einar Saunes bak roret, kunne dytte det av skjeret. M/S Kvitbjørn sklei av skjeret, og kunne tauast inn til Rolls-Royce sitt verft i Ulsteinvik. Der vil skipet bli fram til hendinga er etterforska ferdig av reiarlaget.

- Vi har våre dyktige fagpersonar på saka, som går over delane av skroget som har vore i kontakt med skjeret. Det er Rolls-Royce som har levert mykje av utstyret om bord, og dei vil også utføre rutinemessige undersøkingar. Vi skal kartlegge kva som har skjedd, både kva av det tekniske som har svikta, og kva som har skjedd med båten som følgje av grunnstøytinga, seier Ingvald Løyning.

Ingen lekkasje

Han forsikrar samstundes om at det gassdrivne skipet, som går for å vere det mest miljøvenlege i verda, ikkje har hatt nokon form for lekkasje.

- Nei, det har vi ikkje funne. Vi håpar at det ikkje tek oss så alt for lang tid å få dette flotte, nye skipet i drift igjen, seier Løyning til slutt.

Les også: Her prøver redningsskøyta å drage M/S Kvitbjørn av skjeret

David berga Goliat

Av biletet i toppen av saka ser ein tydeleg forskjellen i storleik på det 120 meter lange lasteskipet M/S Kvitbjørn og den vesle slepebåten S/B Hugin.

- Har ein nok oppdrift klarer ein liten slepebåt det fint. Det er betre å vente enn å dundre på med rå kraft når skipet står bom stilt. Reiarlaget hadde også bestilt ein større slepebåt, som var på veg, men eg fekk dytta laust skipet i god tid før den nådde fram, fortel skipper Jan Einar Saunes og legg til:

- Det vart litt David som berga Goliat, men slepebåten klarte jobben. Det er oppdrifta, og det å lese tidevatntabellen riktig som tel, seier Saunes.

Han synest det er synd på skipperen av lasteskipet. Eit skip som er flunkande nytt og blei døypt i april.

- Eg syns synd i skipperen på denne nye båten, ein ny båt som blir ramma av ein teknisk feil. Det er ikkje gøy når slikt som dette skjer, det er heilt sikkert.

M/S Kvitbjørn ligg no ved Rolls-Royce sitt verft i Ulsteinvik for vidare undersøkingar. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.