– Vi er veldig nøgd med å få Espen Remme som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier styreleiar Stein Kinserdal.

- I stillinga som strategi- og utviklingsdirektør i helseføretaket, har han leia ein utviklingsprosess med komplekse og krevjande problemstillingar på ein god måte. Helseføretaket får i dag ein ny direktør, men det er likevel ein person mange av dei tilsette er godt kjend med frå før, seier Kinserdal.

Styreleiaren ser det som ein fordel at Remme kjenner organisasjonen godt internt, og har vore ein synleg representant i samspelet mellom helseføretaket og samfunnet elles.

–Vi meiner Remme har erfaringa, og dei rette faglege og personlege eigenskapane til å vidareutvikle Helse Møre og Romsdal, seier Kinserdal.

Samfunnsoppdraget motiverer

- Eg gler meg til å leie Helse Møre og Romsdal i det viktige samfunnsoppdraget vi har med å gi spesialisthelsetenester til alle dei 260.000 innbyggarane i fylket vårt. Det er svært mange kunnskapsrike, pliktoppfyllande og engasjerte medarbeidarar som dagleg legg ned ein stor innsats for å sikre faglege og kvalitative gode tenester til pasientane, seier nytilsett direktør Espen Remme.

Viktige oppgåver for helseføretaket i tida framover er ifølge Remme, planlegging av nytt sjukehus og eit poliklinisk tilbod/distriktsmedisinsk senter i Nordmøre og Romsdal (SNR), og vidareutvikling av sjukehusa på Sunnmøre.

- Samstundes vil det i dette vere sentralt for oss å vidareutvikle fagleg og økonomisk berekraft, seier Remme. Han trekk også fram kor viktig samarbeidet med kommunane vil vere for å komme vidare i tenesteutviklinga i grensesnittet mellom kommunane og helseføretaket.

Første arbeidsdag 1. septemberEspen Remme startar i stillinga som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal den 1. september 2015. Remme er utdanna ergoterapeut frå Høgskolen i Oslo, med vidareutdanning i administrasjon og leiing og rettleiingspedagogikk frå Høgskolen i Ålesund, samt ein MBA i strategisk leiing frå Handelshøyskolen i Bergen (NHH). Remme arbeidde i 13 år ved Muritunet - Senter for meistring og rehabilitering, dei siste 6 åra som administrerande direktør. Han var også ein kort periode innom Ski kommune og psykiatrien ved Gaustad sykehus i Oslo. Frå 2008 var Remme senior bedriftsrådgivar i Sintef MRB, før han starta i stillinga som strategi og utviklingsdirektør i HMR og arbeidet med utviklingsplan i januar 2012.

Remme tek over stillinga etter konstituert adm. dir. Dag Hårstad som har leia helseføretaket sidan Astrid Eidsvik sa opp som adm.dir. den 4. desember i fjor.