Den politiske redaksjonen i Sunnmørsposten har vurdert innsatsen til dei 11 stortingspolitikarane frå  Nordvestlandet.

Harald Tom Nesvik (Frp) får terningkast 6, Venstre-politikarane Pål Farstad og Sveinung Rotevatn får 5 poeng, Else-May Botten (Ap), Jenny Klinge (Sp) og Fredric Bjørdal (Ap) får 4, medan Oskar Grimstad (Frp) får 3.

Lågast skårar Bjørn Lødemel og Elisabeth R. Nørve (H). Dei får berre 2 poeng.

Juryen, som understrekar at det å setje karakter på politisk arbeid er langt frå nokon eksakt vitskap, meiner Oskar Grimstad ikkje har vore særleg synleg i media, bortsett frå at han ein gong i blant kastar seg på og kommenterer saker lokalt. Grimstad burde fått noko meir ut av å vere klimapolitisk talsmann for partiet.

- Befinner seg uansett i skuggen av Nesvik, er domen.