Det har knytt seg stor spenning til kva Jamie Paul Scanlon kom til å måle på vestveggen på Fantehuset.

Den britiske gatekunstnaren er her med ei rekkje sjablongar med ulike motiv han vil pryde fleire vegger i Hareid og Ulstein med desse dagane.

Då Vikebladet Vestposten møtte kunstnaren fredag ettermiddag hadde han førebels ikkje bestemt seg for kva han ville ha på den veggen. Han byrja å måle innomhus, før han gjekk ut og måla ein mann på ein annan vegg.

Gjort på halve tida

Men laurdagskvelden skjedde det. Jamie hadde rekna med at han ville bruke tre timar, men med til saman ti mann i sving greidde dei å få det opp på ein og ein halv time.

Elias Liavaag forklarer at sjablongen var veldig stor, så det var greitt å vere så mange til å hjelpe til så han ikkje vart øydelagt. Teknikken til JPS er at han nyttar fleire sjablongar på eit bilete. Først heng han opp ein sjablong og sprayar over. Så tek han ned første sjablongen og heng over ein ny. Med kryss markerer han kvar sjablongen skal hengje, så det blir nøyaktig. Så sprayar han ny måling. Slik jobbar han, lag på lag. Det er mykje arbeid å lage desse sjablongane, så dei bør ikkje bli øydelagde.

Måla på ei plate

Laurdag var det eit dikt på trykk i Vikebladet Vestposten der ein anonym fortvila innbyggjar skreiv at det skulle kome ein joker på veggen, men det vart ingen joker. Det vart ein alien, eller romvesen på norsk. Figuren er måla på ei plate som det er mogleg å skru ned om det skulle bli naudsynt. Fantehuset har ikkje fått løyve på førehand av Statens vegvesen for utsmykkinga av huset.

På T. Riise har det kome opp to dinosaurar. Butikkinnehavar Johs. Chr. Riise synest det er flott å få opp noko forseggjort på veggen i staden for slikt som berre er kladde opp, som han må nytte pengar på å få ned.