I desse dagar er LOs Sommarpatrulje på rundreise for å sjekke om ungdom i sommarjobb har skikkelege arbeidsforhold. Sommarpatruljen består av frivillige medlemer frå LO-forbunda som besøkjer ungdom for å fortelje dei kva dei har rett på etter lova om arbeidstid, overtidsreglar, pause, feriebestemmelsar og så vidare.

Då LOs Sommarpatrulje byrja for 30 år sidan fann dei lovbrot med annakvar bedrift, no har det blitt betre. I fjor sommar besøkte LOs Sommarpatrulje 432 bedrifter i Møre og Romsdal. Dei fann lovbrot med kvar femte bedrift.

Ungdom har rett på pause

Sundag og måndag var Sommarpatruljen innom rundt 80 bedrifter på Søre Sunnmøre. Då møtte dei fleire ungdomar, både over og under 18 år, som jobba aleine. Dei fekk heller ikkje høve til å gå på do i løpet av dagen.

Unge under 18 år skal ha ein pause på minst 30 minutt ved arbeid på 4,5 timar, og vaksne har rett på ein pause ved 5,5 timar i løpet av ein arbeidsdag. Dette var det fleire bedrifter i Ulstein, Sande og Fosnavåg som ikkje hadde på plass. Nokre på grunn av dårleg økonomi til å ha riktig bemanning, og andre tilsette arbeidde heilt aleine på bedrifta.

- Unge treng moglegheita til å slappe av mellom slaga, dei treng pause, seier Kent Logan Jelle til Vikebladet Vestposten. Han er fagleg ungdomssekretær for LO Møre og Romsdal.

Vart vist på dør

LOs Sommarpatrulje opplevde ved ei bedrift i Ulsteinvik sentrum å bli sendt på dør like etter dei introduserte seg. Patruljen drog også innom ei bedrift i Ulstein som dei siste åra ikkje har ønskt besøk av Sommarpatruljen. Jelle fortel at bedrifta har lært opp ungdomane som arbeider for dei til å ikkje snakke med patruljen. Dei seier til ungdomane at LO berre er ute etter å sverte dei i media, også i år avdekte Sommarpatruljen brot i Arbeidsmiljølova på denne arbeidsplassen.

Ei anna bedrift i Ulstein ønskjer ikkje at dei tilsette skal vere organisert, og denne bedrifta har tariffavtale. Dette blir tatt  opp med fagforeininga.

Vil tipse arbeidstilsynet

Jelle seier til Vikebladet Vestposten at dei vil tipse Arbeidstilsynet om dei bedriftene der dei avdekka lovbrot, og der dei ikkje fekk sleppe til. LOs Sommarpatrulje har ikkje mynde til å sjekke papira om bedrifta set seg på bakbeina, men det er gjerne ein peikepinn om at ting ikkje er som det skal. Og då kan Arbeidstilsynet ta seg eit besøk.

Men Jelle seier at dei også rapporterer til Arbeidstilsynet om dei bedriftene dei er nøgde med.

Kent Logan Hjelle synest ikkje det er forsvarleg av bedrifter å la ungdom under 18 år ha eineansvaret for bedrifta. Foto: pressefoto