- Timinga er heilt perfekt når det gjeld byggestart av Arena Ulstein, seier administrerande direktør i Peab - K. Nordang. Selskapet er i ferd med å ferdigstille det kombinerte bustad - og næringsbyggkomplekset Sjøsida i Ulsteinvik, og i følgje Nordang er prosjektorganisasjonen som er tilknytta Sjøsida-prosjektet klare til å flytte seg nokre hundre meter, til tomta der Arena Ulstein skal ligge.

Det er Ulstein Eigedomsselskap som står som byggherre for det nye signalbygget. I følgje ei pressemelding frå Peab - K. Nordang skal entreprenøren utføre jobben for om lag 137 millionar kroner.

Kjetil Nordang fortel at bygginga av Arena Usltein er viktig av mange grunnar:

- Først og fremst er det meiningsfullt å vere med å bidra til at store og små i Ulsteinvik får ein så flott samlingsstad i sentrum. Prosjektet høver som hand i hanske med visjonen vår om å vere ein samfunnsbyggar. Samstundes er dette eit langvarig prosjekt med ein trygg byggherre som sikrar oss arbeid i ein lengre periode, seier han.

I følgje arkitektfirmaet Lund+Slaatto som har teikna bygget, har målet vore å sameine store volum med den eksisterande småhusbebyggelsen. Lund+Slaatto fortel på sine nettsider at dei har late seg inspirere av Ulsteinvik si stolte industrihistorie og vil gi bygget eit robust preg ved bruk av stål og granitt.

Arena Ulstein skal etter planen stå ferdig i august 2017 og skal innehalde idrettshall, klatrehall, bibliotek, tenestetorg og svømmeanlegg.