Det skal nemleg bli svært varmt dei komande dagane. I kombinasjon med svære snømengder i fjella kan det ligge an til flaum i fleire vassdrag.

- Det kan bli skummelt, seier Hansen.

Dei enorme snømengdene i fjellet denne vinteren har stilt oss overfor to val: Ein kald sommar, som får snøen til å smelte sakte bort – eller sommarvarme og storflaum.

- Så langt har sommaren vore kald, men no kan det snu med temperaturar på opp mot 30 grader i låglandet og over 20 grader i fjellet, fortel Hansen.

Temperaturen skal synke litt fredag på grunn av at eit nedbørsområde vil gi skyer og litt regn frå torsdag kveld til fredag midt på dagen.

Laurdag kveld kjem eit nytt nedbørsområde – og det kan bli skummelt, meiner Hansen.

Prognosane for dette nedbørsområdet frå søndag morgon til mandag morgon er på 30-40 millimeter. Deretter skal temperaturen atter stige.