Fartøyet, eit nyutvikla Havyar 858 L WE design, blir Havyard sitt bygg nummer 123. Skipet skal leverast andre kvartal 2017. Kontrakten har ein verdi på omtrent 700 millionar.

God ordrebok i utfordrande marknad

Som bransjen elles opplever Havyard tøff konkurranse i marknaden på grunn av situasjonen i oljeindustrien. På trass av dette har Havyard verft i Lervik i Sogn ei relativt god ordrebok, melder Havyard i ei pressemelding. Fram til sommaren 2017 skal dei levere 8 skip. Etter snurparen "Smaragd", som verftet skal levere i juli, skal verftet levere 3 isbrytarar, ein brøddbåt, eit plattform forsyningsskip og eit vindmølle sørvisskip, i tillegg til det nye subsea-skipet.

Lasse Stokkeland er leiar av forretningsområdet Ship Technology i Havyard Group og ansvarleg for verftet i Leirvik. Han er nøgd med ordreboka og ser fram til mykje godt arbeid. Framvoer vil dei arbeide med å omstilling og effektivisering for ytterlegare å auke konkurransekrafta si. Dei ser at dei framleis kan bli meir kostnadseffektive, samstundes som dei opprettheld krava til kvalitet og leveringspresisjon.

Design frå Fosnavåg

Designet er utvikla av Havyard Design & Solutions i Fosnavåg. Skipet kan utføre IMR (Inspection, Mainteanse og Repair) og lettare konstruksjonsarbeid i samband med installasjonar på havbotnen. Skipet skal ha PD3 (Dynamisk posisjonering)-klasse som mellom anne gjev ekstra tryggleik og redundans ved vassinntregning og brann.

Innreiinga med plass til 140 personar i single og doble lugarar skal ha høg standard og komfort for mannskapet med kontor, konferanserom, store dagrom, helikopterresepsjon og sky lounge.

Skipet blir 121 meter langt og 24 meter breitt.