Ulstein kommune vurderer å trekkje seg ut av det interkommunale samarbeidet om landbrukskontor. Søre Sunnmøre landbrukskontor er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein og Herøy.

Ulstein vil heller nytte pengane på å styrke teknisk etat i eigen kommune. Men om Ulstein trekkje ser ut, fryktar landbrukskontoret at grunnlaget for samarbeidet om kontoret vil vere svekka i slik grad at det ikkje vil vere liv laga vidare.

No har også Hareid, Ulstein, Herøy og Sande Bonde- og småbrukarlag engasjert seg og sendt brev til Ulstein kommune. Gunmar Grimstad skriv at dei synest det er svært beklageleg at Ulstein kommune ønskjer å trekkje seg ut av det interkommunale landbrukskontoret. Særleg beklageleg er det at det er økonomiske motiv som ligg til grunn for å gjere det.

Nøgde med dagens ordning

Grimstad viser til at brukarane av landbrukskontoret er særs nøgde med dagens ordning. Dei fem tilsette ved landbrukskontoret har ulike funksjonar og utfyller kvarandre fagleg. På denne måten kan dei yte hjelp og rettleiing til brukarane på ein god måte. Bonde- og småbrukarlaget ahr vanskeleg for å tru at Ulstein kommune vil greie det dersom oppgåvene skal liggje som ein del av ei stilling i kommuneadministrasjonen.

Dei oppmodar difor kommunen om å tenkje seg godt om før dei avviklar eit fungerande landbrukskontor.

- Desse tre kommunane treng eit landbrukskontor som er til for brukarane, særleg nye unge bønder. Vi burde heller satse meir på landbrukskontoret enn å avvikle det, avsluttar Grimstad.