Brannvesenet rykka klokka 20.20 tysdag kveld ut med fleire brannbilar til eit bustadhus i Skarbakkfeltet i Brandal. Heldigvis fekk brannvesenet kontroll på brannen før den rakk å spreie seg vidare frå kjellaren, der den starta, og opp i førsteetasjen.

– Det såg stygt ut då vi kom dit, men det var mykje svart røyk som kom ut frå sokkelleilegheita. Vi var raskt inne med røykdykkarar, som fekk kontroll på flammane før dei gjekk gjennom bordkledninga, fortel Jostein Hånes, som var befal for Hareid brannvesen på staden.

Begge byrja i smultgryte

Brannen tysdag skjedde rundt tre veker etter førre brann i Brandal, då eit hus blei totalskadd av flammane.

Etter det Vikebladet Vestposten erfarer, er leilegheita utleigd til same person som budde i huset som brann i Brandal 9. juni.

Politiet kan onsdag bekrefte ovanfor Vikebladet Vestposten at begge brannane skal ha hatt sitt utspring på eller ved ein komfyr, og at dei har fått vite at det i begge tilfella gjekk føre seg ved tillaging av mat, der smult blei brukt

Politiet kan også bekrefte at ein eller begge personane det er snakk, som leigde leilegheita og som etter den første brannen leigde kjellaren i huset som brann tysdag, var involvert i begge brannane.

– Det er noko pussig at det same skjer med tre vekers mellomrom, men vi har ingen indikasjon på at desse uhella har funne stad med vitande vilje.

Det seier Leif Arne Mork, politioverbetjent og etterforskingsleiar ved Ulstein og Hareid lensmannskontor.