Om du stig i land på hurtigbåtkaia i Lensvika (Agdenes kommune) eller Hysnes (Rissa kommune) i sommar, kan du tenkje over at kaiene er produsert og levert av Ulstein Betong Marine AS i Haddal.

Marina Solutions i Ørsta melder om at ein av dei største kontraktene for selskapet er overlevert kunde no i juni. Dei har levert ei hurtigbåtkai til Hysnes og ei til Lensvik. Hurtigbåtkaiene er produsert og levert av Ulstein Betong Marine AS.

Alt av elektrisk arbeid er utført av Tussa Installasjon AS i Ørsta. I samarbeid med oppdragsgjevar vart produkta utvikla og tilpassa kunden sitt behov.

L-forma kai

Dei nye hurtigbåtkaiene til Hysnes og Lensvika er L-forma og har fleksible baugtillegg. Desse absorberer kreftene som konstruksjonen blir utsett for når båtane legg til kai. Denne løysinga, saman med god fendring, gjer at møtet mellom båten og kaia blir optimal. Hurtigbåtkaia er tilpassa med eit nivå som gjer at også mindre båtar kan leggje til for ilandstigning.

Kvar hurtigbåtkai har ei totalvekt på nærare 1000 tonn, noko som gjev ei stabil og trygg kai for passasjerane, melder Marina Solutions som har forankra anlegga. Kaiene har universell utforming og er tilpassa for rørslehemma, der er også leielinje for blinde og svaksynte.