I dag, onsdag 1. juli er kvinnene i Bigset Sanitet klare til å selje syftesokgraut, kokt på 120 liter mjølk.

Det det er ein mangeårig tradisjon at kvinnene i Bigset Sanitetslag sel rjomegraut syftesokaftan.

Astrid Strømsvåg Rise fortel at dei i år satsar på å koke graut av 120 liter mjølk, levert av bonden Per Gunnar Hjørungdal i Hjørungavåg.

– Vi har i mange år hatt hjelp av blant andre Herdy Mork. I fjor var ho berre konsulent, og i år er det yngre kvinner som skal koke. Herdy skal få servert grauten, fortel Strømsvåg Rise.

Inntekta frå rjomegrautsalet går blant anna til varmtbassenget på Hareid sjukeheim.

Syftesokgraututsalet er ein del av Opplev Hareid som startar no.