Opplev Hareid kan melde om gode besøkstal etter opninga.

Kvinnene i Bigset Sanitet inviterte inn til syftesokgraut på Bigset bedehus i går. Dei 120 literane med graut vart sett på bordet klokka 17, og var skrapa tom berre ein time seinare, er rapporten frå bedehuset.

Søndag strøymde folk til opninga av Kvernhuset, der dei fekk smake pinnebrød laga av nykverna mjøl frå det restaurerte kvernhuset. Det gamle kvernhuset har vorte restaurert med midlar frå Hareid Rotary Klubb, Hareid kommune og alle grunneigarane. I spissen for det heile har eldsjel Johs J. Hareide stått.