Sommaren har vore treg med å kome igang, men i dag er det meldt skikkelege sommartemperaturar. Det er berre å finne fram badebuksa, om du har fri.

Det er ettermiddagen som blir varmast. Då skal det ifølgje yr.no bli 27 gradar i Ulsteinvik. På Hareid blir det 24 gradar i følgje yr.no

Storm.no skriv "OBS! Uvanlig varmt" på dagens værmelding. Også dei melder høge temperaturar, 27 gradar i Ulsteinvik og 25 gradar på Hareid.

Det er berre å nyte dagen. I morgon skal det blir fint på føremiddagen, men så skal det skye over på ettermiddagen.