Talet på personar som har blitt tekne i promillekontroll i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal, har auka frå 46 til 101 mellom 2014 og 2015. Dette skuldast ikkje nødvendigvis at fleire køyrer med rus, men at politiet har intensivert jakta på ruskøyrarar. På landsbasis bles 730 bilistar raudt i første halvåret av 2015.

Det er som sagt dobbelt så mange som har blese raudt i år som på same tid i fjor, og det er fleire enn nokon gong før. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

– Eg er misfornøgd, fordi vi dermed får stadfesta at det er svært mange som køyrer med rus. Samstundes er eg fornøgd med at vi klarer å ta fleire, for dei som køyrer med rus utgjer ein betydeleg risiko i trafikken, seier distriktssjef i UP, Per Einar Hollum, til NRK.